Oskeonsdag

(Omdirigert frå Askeonsdag)

Oskeonsdag er ein kristen heilagdag, som markerer byrjinga på fastetida. Søndagane blir ikkje talde med i fastetida, og derfor fell han frå kyrkjeleg synspunkt 40 dagar før påske (1. påskedag). Talet på dagar er fastsett til minne om Jesus Kristus sitt 40 dagar lange opphald i ørkenen. Oskeonsdagen er ein gong mellom 4. februar og 10. mars, avhengig av når påska kjem.

Fastelavn

Faste

Ein prest teiknar askekross på pannen til truande i Den amerikanske marinen.

For nokre kristne har oskeonsdag tradisjonelt vore ein dag ein mintest at mennesket er dødeleg. I Den katolske kyrkja inneheld liturgien utdeling av oskekrossar. Oska kjem frå palmegreiner frå palmesøndagen året før, brent kort tid før oskeonsdag, gjerne saman med heilage oljar frå tidlegare år. Ein geistleg teiknar ein kross med oske blanda med litt olje på panna til kvar enkelt av dei truande, mens han seier nokre ord som minner om at mennesket er dødeleg og/eller behovet for omvending. Det tradisjonelle formularet er «Kom ihug, menneske, at du er støv og igjen skal bli til støv; gjer bot slik at du kan ha evig liv». Dette minner om den gamle tradisjonen med å drysse oske på hovudet som eit symbol på anger overfor Gud, noko som er skildra fleire gonger i Bibelen. Det tidlegaste beviset for skikken er frå ei liturgisk bok skrive i Mainz ca. år 960, og han vart gjort universell i den katolske kyrkja av pave Urban II i 1091. I katolsk og ortodoks tradisjon er oskeonsdag ein faste- og abstinensdag, noko som betyr at dei truande skal eta minst mogleg, og helst unngå kjøt.

Dagen før askeonsdag blir på folkemunne kalla feittysdag, og er avslutninga av den folkelege karnevalstida.

Andre tydingar

endre

I Australia kan oskeonsdag (engelsk Ash Wednesday) òg vise til dei store skogbrannane som herja 16. februar 1983 i Victoria og South Australia. 75 mista livet, og meir enn 200 heimar vart øydelagt.