Palmesundag

(Omdirigert frå Palmesøndag)

Palmesundag eller palmesøndag innleier den stille veka i den kristne påskefeiringa. Dagen har fått namn etter skildringa av Jesus sitt inntog i Jerusalem, ridande på eit esel medan folk la palmegreiner på vegen framfor han.

Jesus rir inn i Jerusalem. Illuminert manuskript frå rundt 1140 frå Jerusalem.

Historisk utvikling endre

500-talet samla kristne i Jerusalem seg på Oljeberget på palmesøndag. Etter å ha høyrt evangelielesing gjekk dei i prosesjon inn til byen. Tradisjonen spreidde seg nokså raskt til heile austkyrkja.

I det sjuande og åttande hundreåret byrja skikken i vest med å ta med palmegreiner til kyrkja, og i det niande hundreåret blei dette innført som ein fast del av liturgien. Festen kan reknast som fullt innført også i vest frå denne tida.

Feiring av dagen endre

Den liturgiske fargen for dagen er raud fordi Palmesøndag er den første festen for Kristi liding.

I den katolske kyrkja er dei truande pålagt å ta vare på greinene dei har brukt på palmesundag. Oskeonsdag året etter blir dei så brende, og oskar deira brukt til utdelinga av askekrossar.

Palmesundag er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja.

Palmesundag i Noreg endre

Palmesundag er i norsk tradisjon ein merkedag mellom anna for vêr og årsvekst.

I Noreg er er seljetreet knytt til denne dagen i nokre område. Det er vanleg å ta inn seljegreiner med «gåsungar» slik at dei har grøne blad til palmesundagen, og dei kan òg brukast til å dekorera kyrkjene, i mangel på norske palmetre. Andre typar tre ein har teke i bruk i moderne tid er tuja.