Asker rådhus, hovudbygningen for den kommunale administrasjonen i Asker kommune, ligg i ein park på eit høgdedrag på Asker, rett sør for og ikkje langt frå hovudbøla på dei tidlegare Asker-gardane. Både kommunen og det tettbygde, småbyliknande område som rådhuset ligg i, har namn etter desse gardane.

Asker rådhus

ArkitektLund + Slaatto Arkitekter
Kart
Asker rådhus
59°50′14″N 10°26′10″E / 59.8371°N 10.4362°E / 59.8371; 10.4362
Asker rådhus.
Foto: Trarir

Vedtaket om å byggje rådhuset vart gjort av kommunestyret i 1958, og huset vart teke i bruk 27. desember 1963, men ikkje offisielt innvigd før våren 1964. Både før og under bygginga var det strid og diskusjonar om kostnadene, om arkitekturen og om den kunstnariske utsmykkinga, og undervegs vart det til dømes gjort endringar til billegare løysingar i valet av materialet i fasadane på bygningen.

Rådhuset er utforma som ei høgblokk med lågblokker attmed, bygd i mørk betong, som er gjeven ein særleg struktur ved at yttersjiktet på betongen er hogt vekk etter utstøypinga, slik at flatene er ruglete. Fasadane på både på høgblokka og lågblokkene er elles kjenneteikna av at dei horisontale linene er sterkt framheva ved at store vindauge i lange, vassrette band er dregne attende i høve til ytterveggane. Arkitektfirmaet Lund & Slaatto har teikna bygningen, som i 1964 vart heidra med utmerkinga Betongtavlen for framifrå arkitektur i betong.[1]

Kjelder endre

  1. Betongtavlen 1961-2008 Arkivert 2014-03-17 ved Wayback Machine. frå Betong.net