Asma Jahangir
Asma Jilani Jahangir (27. januar 1952–11. februar 2018) var ein menneskerettsaktivist og advokat frå Pakistan.[1]
Asma Jahangir | |
Statsborgarskap | Pakistan |
Fødd | 27. januar 1952 Lahore |
Død |
11. februar 2018 (66 år) |
Yrke | menneskerettsaktivist, advokat |
Asma Jahangir på Commons |
Jahangir vart sett i husarrest fleire gonger.[2] Ho vart fengsla i 1983 for å delteke i kampen mot militærregimet til president Zia-ul-Haq. Ho førte òg ein aktiv kamp mot islamiseringspolitikken til ul-Haq, og forsvarte personar skulda for blasfemi, kvinner som stod i fare for æresdrap og religiøse minoritetar. I 1987 var ho med på å stifta den uavhengige Human Rights Commission of Pakistan (HRCP), og leidde organisasjonen i fleire år.[1]
Asma Jahangir vart den første kvinnelege presidenten i Pakistans høgsterettsadvokatforeining, noko som vart sett på som ein siger for progressive krefter og kvinnerettar. Ho var visepresident for International Federation for Human Rights, FNs spesialrapportør for utanomrettslege avrettingar (1998–2004), for religions- og trusfridom (2004–2010), og for menneskerettssituasjonen i Iran (2016–2018). Ho sat i FN-panelet for gransking av Sri Lankas brot på menneskerettar, og drog på FN-oppdrag for å samla inn informasjon om israelske busetjingar.
Jahangir fekk fleire prisar. I 2014 fekk ho Right Livelihood Award, saman med den amerikanske IT-teknikaren og varslaren Edward Snowden, for forsvaret sitt for menneskerettar i Pakistan under «svært vanskelege og komplekse situasjonar og stor personleg risiko». I 2018 vart Jahangir posthumt tildelt Nishan-e-Imtiaz, den høgaste sivile utmerkinga i Pakistan.[3][4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Dawn.com (11. februar 2018), «Leading human rights lawyer Asma Jahangir passes away in Lahore», DAWN.COM (på engelsk), henta 10. november 2021
- ↑ Ijaz, Saroop, «Asma Jahangir (1952-2018): The human rights icon from Pakistan was a feisty street fighter», Scroll.in (på engelsk), henta 10. november 2021
- ↑ «Asma Jahangir, Junaid Jamshed, Afridi, Misbah among 141 nominated for Civil Awards», www.thenews.com.pk (på engelsk), henta 10. november 2021
- ↑ «Pakistan set to honour Asma Jahangir, Fidel Castro on March 23», The Express Tribune (på engelsk), 17. mars 2018, henta 10. november 2021
- Denne artikkelen bygger på «Asma Jahangir» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2021.