Aspøya i Tingvoll
Aspøya er ei øy og ei bygd i Tingvoll kommune på Nordmøre. Øya har eit areal på 20 km² og 376 innbyggjarar (2024).
Aspøya | |
---|---|
Aspøya sett frå Torvikbukt | |
Geografi | |
Stad | Nordmøre |
Koordinatar | 63°01′07″N 07°56′20″E / 63.01861°N 7.93889°E
|
Areal | 18,84 km²
|
Høgaste punkt | Vettafjellet (372 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal
|
Demografi | |
Folketal | 376 (2024) |
Folketettleik | 20,0 /km² |
Riksveg 70 og Europaveg 39 følgjer same trasé over Aspøya frå Straumsnes, over Aspøya via Bergsøysundbrua til Bergsøya, og gjev ferjefri veg til Molde. Bergsøysundbrua er ein del av Krifast.
Aspa-ætta, som mellom anna fostra erkebiskop Olav Trondsson, hadde hovudsete på gardane Aspa og Boksaspa i mellomalderen.
Folketalsutvikling
1801[1] | 1900[2][3] | 2000[4] | 2024[4] |
---|---|---|---|
210 | 315 | 220 | 376 |
Før 1964 var øya delt mellom Frei kommune og Straumsnes kommune. Sidan 1964 har ho vore del av Tingvoll.
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1801 for Tingvoll prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Frei herred, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Straumsnes herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 4,0 4,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.