Astri Kleppe
norsk skribent
Astri Cecilie Margarethe Kleppe (fødd 24. september 1951)[1][2] er ein norsk forfattar og fysikar. Ho debuterte i 1990 med diktsamlinga Bilder tegnet i dagslys, og har seinare gjeve ut tre andre diktsamlingar og ei novellesamling. Astri Kleppe har òg ein doktorgrad i teoretisk fysikk frå universitetet i Lund frå 1997 (Some Aspects of Chirality) og jobbar med fysikk ved sida av forfattarkarrieren sin.
Astri Kleppe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. september 1951 (73 år) Solna kommun |
Yrke | skribent, lyrikar |
Far | Per Kleppe |
Verkliste
endre- Bilder tegnet i dagslys, dikt, 1990
- Å løpe over en eng, dikt, 1994
- Før snøen samler stjerner, dikt, 2000
- Den gangen vi var skog, dikt, 2004
- Her ute, noveller, 2006
- Ivans blomster, lyrikk, Cappelen Damm, 2017
Kjelder
endre- ↑ birthday.se Besøkt 18. juni 2018.
- ↑ «Astri Kleppe - Forfatterkatalogen». Henta 6. oktober 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Astri Kleppe» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mars 2020.