Astronomisk klokke
Ei astronomisk klokke er ei klokke med spesielle mekanismar, visarar og skiver som syner astronomisk informasjon, slik som den relative posisjonen til sola, månen, stjerneteikn i zodiaken og planetane.
Definisjon
endreUttrykket astronomisk klokke er ikkje presist, men blir nytta om klokker og ur som i tillegg til å syne timar òg gir meir eller mindre astronomisk tilleggsinformasjon. Denne tilleggsinformasjonen kan vere at klokka syner sola og månen sine posisjonar og månefasane, solposisjon i ekliptikken, siderisk tid, gjeldande stjerneteikn i zodiaken eller eit roterande stjernekart.
Ein bør likevel ikkje nytte omgrepet om eit ur som blir nytta i astronomiske observatorium. Dette er eit «ordinært», men høgpresist ur utelukkande for å syne tida.
Kjente astronomiske klokker
endre- Praha
- Lund
- Notre dame
- Strasbourg
- København
Bakgrunnsstoff
endre- Burnett-Stuart, George. «Astronomical Clocks of the Middle Ages: A guided tour». Almagest. Computastat Group, Ltd. Arkivert frå originalen 2. april 2008. Henta 24. april 2008.
- The Annosphere, a contemporary astronomical clock
- Les Cadrans Solaires (Solur), viser også europiske astronomiske klokker
Litteratur
- Joseph, Needham (1986). Science and Civilization in China: Volume 4, Physics and Physical Technology, Part 2, Mechanical Engineering. Taipei: Caves Books Ltd.
- John North. God's Clockmaker, Richard of Wallingford and the invention of time. Hambledon and London, 2005.
- Tor Sørnes: Klokkemakeren Rasmus Sørnes. Borgarsyssel Museum, Sarpsborg Norway, 2003 norsk, ISBN 82-996847-0-6
- King, Henry Geared to the Stars: the evolution of planetariums, orreries, and astronomical clocks, University of Toronto Press, 1978
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Astronomisk klokke» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2011.