Eit planetarium er opphavleg ein mekanisk modell av planetsystemet.

I dag vert det vanlegvis nytta om eit instrument (òg bygningen der instrumentet står) som viser utsjånaden til himmelen og rørsla til himmellekamane ved hjelp av projeksjonsapparat som kastar bilete av innsida av ein stor, halvkuleforma kvelving over tilskodarane. Det første mekaniske planetariet vart bygd alt av Arkhimedes kring. 250 fvt. Det første moderne planetariet vart oppført 1924 i Jena i Tyskland. Det største planetariet i Europa ligg i London. Det vart opna 1958 og har plass til 550 tilskodarar. Det einaste offisielle planetariet i Noreg, Nordlysplanetariet, ligg i Tromsø.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Planetarium