Asunción
Asunción er hovudstaden i Paraguay. I tillegg til å husa regjeringa er han òg den største hamne- og industribyen i landet, og eit viktig kulturelt knutepunkt. Innbyggjartalet er 1 304 087 (1992).
Asunción | |||
by | |||
Panteón de los Héroes i Asunción.
| |||
Land | Paraguay | ||
---|---|---|---|
Areal | 117 km² | ||
Folketal | 462 241 (2022)[1] | ||
Asunción 25°18′00″S 57°38′00″W / 25.3°S 57.633333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Asunción |
Historie
endreAsunción er ein av dei eldste kolonibyane i Sør-Amerika, og er kjend som Mor til byar fordi mange ekspedisjonar som skulle grunnleggja fleire byar på kontinentet la ut herfrå. Sjølve byen blei grunnlagd 15. august 1537 av Juan de Salazar og Gonzalo de Mendoza. Han fekk namnet Nuestra Señora de la Asunción ('Vår Frue av himmelfarten').
I 1731 var byen skodeplass for eitt av dei første opprøra i det spanske koloniveldet. Opprøret var leia av advokaten José de Antequera y Castro, som blei teken til fange og avretta.
Etter at Paraguay tapte Trippelalliansekrigen i 1870 blei Asunción okkupert av brasilianske styrkar fram til 1876.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Asunción» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2005.