Atal Bihari Vajpayee

indisk poet og politikar
(Omdirigert frå Atal Behari Vajpayee)

Atal Bihari Vajpayee (25. desember 192416. august 2018) var ein indisk politikar frå Gwalior i Madhya Pradesh, statsminister i India i 1996 og frå 1998 til 2004 som repesentant for Bharatiya Janata-partiet.

Atal Bihari Vajpayee
Ab vajpayee.jpg
Fødd 24. desember 1924

Gwalior

Død 16. august 2018
All India Institute of Medical Sciences, New Delhi, New Delhi
Parti Bharatiya Janata-partiet, Bharatiya Jana Sangh
1. verv Statsminister i India
 - periode 1996
 - føregangar Narasimha Rao
 - etterfylgjar Deve Gowda
2. verv Statsminister i India
 - periode 1998–2004
 - etterfylgjar Manmohan Singh
3. verv Utanriksminister i India
 - periode 1977–1979

Som ung var Atal Bihari Vajpayee medlem av den paramilitære hinduorganisasjonen Rashtriya Swayamsevak Sangh, som han seinare arbeida for på fulltid. I august 1942 blei han og broren arresterte som medlemmer av den sivile ulydnadsrørsla Quit India, sjølv om dei ikkje var direkte involverte. Vajpayee sat fengsla i 23 dagar, og blei først slept fri etter å ha underskrive ei fråsegn (på urdu) der han nekta for å ha vore med på ulydnaden.[1]

Vajpayee tok del i grunnlegginga av hindutvapartiet Bharatiya Jana Sangh (Det indiske folkesambandet) i 1951, og blei vald inn til det indiske underhuset Lok Sabhai 1957. Under unntakstilstanden i India frå 1975 til 1977 blei han, som mange andre opposisjonsleiarar, fengsla. Då det blei skrive ut nyval i 1977 gjekk han med Jana Sangh inn i opposisjonsalliansen Janata, som vann valet. Frå 1977 til 1980 var Vajpayee indisk utanriksminister i Janata-regjeringa.

I 1980 forlét Vajpayee Janata-partiet og var i staden med på grunnlegginga av det meir hinduorienterte Bharatiya Janata-partiet. I 1996 blei han statsminister for BJP, men fekk ikkje nok parlamentarisk støtte og blei berre sitjane i 13 dagar. I 1998 blei han statsminister att. Vajpayee var statsminister under Kargil-krigen mot Pakistan i 1999. Han blei oppfatta som ein trygg og sigrande leiar, og BJP vann ein solid majoritet ved Lok Sabha-valet i 1999. Vajpayee gjekk av i 2004, då BJP tapte valet.

Etter eit slag i 2009 som gjorde at han mista taleevna og mykje førlegheit, opptredd ikkje Vajpayee offentleg.[2]

Vajpayee levde ugift, men hadde adoptivdottera Namita. Han var oppteken av indisk musikk og dans og skreiv fleire diktsamlingar.

KjelderEndra

  1. «Vajpayee and the Quit India movement», Frontline (Vol. 15 :: No. 03 :: Feb. 7-20, 1998)
  2. Akshaya Mukul, «A peek into the life Atal Bihari Vajpayee now leads», The Times of India (Mar 26, 2014)

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Atal Bihari Vajpayee