Atal Bihari Vajpayee

indisk poet og politikar

Atal Bihari Vajpayee (25. desember 192416. august 2018) var ein indisk politikar frå Gwalior i Madhya Pradesh, statsminister i India i 1996 og frå 1998, 1999 til 2004 som repesentant for Bharatiya Janata-partiet.

Atal Bihari Vajpayee

Fødd24. desember 1924
Gwalior
Død16. august 2018 (93 år)
Statsborgar avIndia
PartiBharatiya Janata-partiet (1980; 2018)
Yrkepolitikar, lyrikar, journalist
Utdanna vedDr. Bhimrao Ambedkar University, Agra
St. Mary's School, Belgaum
DAV College, Kanpur
VervStatsminister i India 1996
FøregangarNarasimha Rao
EtterfylgjarDeve Gowda
VervStatsminister i India 1998–2004
FøregangarI.K. Gujral
EtterfylgjarManmohan Singh
VervUtanriksminister i India 1977–1979
Alle verv
  • Statsministeren i India (1998–2004)
  • Statsministeren i India (1996–1996)
  • medlem av Rajya Sabha
  • Indias utenriksminister (1977–1979)
  • Member of the 11th Lok Sabha
  • Member of the 12th Lok Sabha
  • Member of the 13th Lok Sabha
  • Member of the 7th Lok Sabha
  • Indias utenriksminister (1998–1998) Sjå dette på Wikidata

Som ung var Atal Bihari Vajpayee medlem av den paramilitære hinduorganisasjonen Rashtriya Swayamsevak Sangh, som han seinare arbeida for på fulltid. I august 1942 blei han og broren arresterte som medlemmer av den sivile ulydnadsrørsla Quit India, sjølv om dei ikkje var direkte involverte. Vajpayee sat fengsla i 23 dagar, og blei først slept fri etter å ha underskrive ei fråsegn (på urdu) der han nekta for å ha vore med på ulydnaden.[1]

Vajpayee tok del i grunnlegginga av hindutvapartiet Bharatiya Jana Sangh (Det indiske folkesambandet) i 1951, og blei vald inn til det indiske underhuset Lok Sabhai 1957. Under unntakstilstanden i India frå 1975 til 1977 blei han, som mange andre opposisjonsleiarar, fengsla. Då det blei skrive ut nyval i 1977 gjekk han med Jana Sangh inn i opposisjonsalliansen Janata, som vann valet. Frå 1977 til 1980 var Vajpayee indisk utanriksminister i Janata-regjeringa.

I 1980 forlét Vajpayee Janata-partiet og var i staden med på grunnlegginga av det meir hinduorienterte Bharatiya Janata-partiet. I 1996 blei han statsminister for BJP, men fekk ikkje nok parlamentarisk støtte og blei berre sitjane i 13 dagar. I 1998 blei han statsminister att. Vajpayee var statsminister under Kargil-krigen mot Pakistan i 1999. Han blei oppfatta som ein trygg og sigrande leiar, og BJP vann ein solid majoritet ved Lok Sabha-valet i 1999. Vajpayee gjekk av i 2004, då BJP tapte valet.

Etter eit slag i 2009 som gjorde at han mista taleevna og mykje førlegheit, opptredd ikkje Vajpayee offentleg.[2]

Vajpayee levde ugift, men hadde adoptivdottera Namita. Han var oppteken av indisk musikk og dans og skreiv fleire diktsamlingar.

Kjelder

endre
  1. «Vajpayee and the Quit India movement», Frontline (Vol. 15 :: No. 03 :: Feb. 7-20, 1998)
  2. Akshaya Mukul, «A peek into the life Atal Bihari Vajpayee now leads», The Times of India (Mar 26, 2014)

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Atal Bihari Vajpayee