Åreforkalking

type arteriosklerose
(Omdirigert frå Aterosklerose)
Åreforkalking er òg eit eldre omgrep for demens.

Åreforkalking eller aterosklerose er ein tilstand eller prosess der innsida av blodårene vert dekte til av ei blanding av kalk, feitt og kolesterol. Dette kan føre til at blodet får problem med å strøyme gjennom åra, noko som igjen resulterer i høgt blodtrykk. I verste fall vil blodstraumen verte hindra så kraftig at vevet som blodåra skulle lede blod til, ikkje får nok oksygen og døyr. Dette vert kalla infarkt. Viss eit infarkt skjer i muskelvevet i hjarte kallar vi det hjarteinfarkt. Eit infarkt i hjernen er vanlegvis det vi forbinder med slag. Åreforkalking som fører til sjukdom blir kalla aterosklerotisk sjukdom.

Usunn livsstil og mykje metta feitt i kosten er risikofaktorar som aukar faren for åreforkalking.

Risikofaktorar endre

Arvelege faktorar, røyking, høgt blodtrykk (hypertoni) og høgt kolesterolnivå i maten vert rekna for å auke risikoen. Òg alder, kjønn (menn vert oftare råka), diabetes og overvekt påverkar. Om ein sluttar å røyke og betrar kosthaldet (og eventuelt får medisinar) kan framtidsutsiktene verte lysare. Fysisk inaktivitet samt stressfyllt livsmønster inneber òg ein risiko.

Sjå òg endre

Kjelder endre