Atlantic Council
Atlantic Council er ei amerikansk tankesmie i kategorien internasjonal politikk. Tankesmia vart grunnlagt i 1961, og skulle vere eit forum vestlege intelektuelle leiarar og politikarar. Det finst ti regionale senter relatert til internasjonal tryggleik og global økonomisk framgang. Hovudkvarteret er i Washington, D.C.. Tankesmia er medlem av Atlantic Treaty Association.
Atlantic Council | |||
Type | tankesmie, 501(c)(3)-organisasjon | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1961 | ||
Hovudkontor | Washington | ||
Leiar | Jon Huntsman jr. | ||
Ideologi | atlantisme | ||
Fokus | internasjonale relasjonar, USAs utenrikspolitikk, NATO, transatlantiske relasjoner | ||
Omsetjing | 23 507 013 US-dollar (2016) | ||
Donasjonar | 54 675 820 US-dollar (2019) | ||
Nettstad | https://www.atlanticcouncil.org/ |
Historie
endreUnder grunnlegginga vart det sagt at siktemålet med tankesmia var å fremje samarbeidet mellom USA og Europa som byrja etter Andre verdskrigen. Arbeidet har mellom anna gått ut på å publisere meiningsmålingar om kva europearar og amerikanarar tykkjer om transatlantisk og internasjonalt samarbeid. Fokuset var på frihandel og økonomi.[1]
Kjelder
endre- ↑ Small, Melvin (1. juni 1998). «The Atlantic Council--The Early Years» (PDF). NATO. Henta 15. november 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Atlantic Council» frå Wikipedia på engelsk, den 3. januar 2019.