Posisjonen til atlas er vist i raudt

Atlas (C1, fyrste halsvirvel) er den øvste halsvirvelen i ryggsøyla.[1] Den er namngjeven etter Atlas i gresk mytologi fordi den støttar «kloden» i hovudet.[1]

Atlas er den øvste ryggvirvelen, og saman med axis formar den leddet som koplar hovudskallen til ryggsøyla. Atlas og axis er spesialiserte for å tola større dreiing enn vanlege virvlar, og spelar ei stor rolle ved nikking og rotering av hovudet. Atlanto-oksipitalleddet bistår hovudet i å nikke opp og ned.[2] Dens axis sit på axis og virkar som ein dreietapp som bistår atlas og hovudet i rotasjon til sidene.

Atlas sin eigenart er at den manglar kropp. Den er ringforma og er samansett av ein fremre og bakre boge, samt to sideliggjande masser.

Atlas og aksis er av nevrologisk viktigskap fordi hjernestamma strekker ned til axis.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Holck, Per (13. februar 2009). «atlas». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 14. desember 2014. 
  2. Holck, Per (13. februar 2009). «atlanto-oksipitalleddet». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 14. desember 2014. 
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.