Audun Grønvold (fødd 28. februar 1976) er ein norsk tidlegare skirennar frå Hamar som var aktiv i både alpine greiner og i fristil. Han vann bronsemedaljen i skicross under Vinter-OL 2010.

Audun Grønvold


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. februar 1976 (48 år)
Hamar kommune
Idrett freestylekøyring, alpint
Tok del i

Freestyle under Vinter-OL 2010 – Skicross menn

Grønvold deltok i alpine greiner fram til 2004,[1] og vart norsk meister i utforrenn både i 2003 og 2004.[2]

Grønvold byrja med freestyle i 2005-sesongen og fekk VM-bronse i 2007.[3] Same året vann han òg eit renn i verdscupen. Under Vinter-OL 2010 i Vancouver tok Grønvold bronsen i fristilgreina skicross. Ved sesongslutt la han opp som skirennar og vart trenar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre