Auguste Herbin
Auguste Herbin (29. april 1882–31. januar 1960) var ein fransk målar som var leiande innan det abstrakte måleriet i fransk kunst.
Auguste Herbin | |
![]() | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 29. april 1882 Quiévy |
Død |
31. januar 1960 (77 år) |
Yrke | kunstmålar, designar, biletkunstnar |
Auguste Herbin på Commons |
Liv Endra
Herbin var fødd i Quiévy i departementet Nord i Frankrike i 1882. Han slo seg ned i Paris i 1901. Der blei han påverka av kubismen før han gjekk over til heilt abstrakt måleri. Han hadde betydeleg påverknad på den nonfigurative kunsten, bl. a. gjennom den Abstraction-Création, som han grunnlag i 1931 og leia saman med Georges Vantongerloo.
Frå 1917 arbeidde han i ein heilt abstrakt stil som skulle bli kjennemerket hans: kombinasjon av sirklar, trekantar, rektangel m. m.
Herbin fann opp eit «biletalfabet» som låg til grunn for verka hans, og som han brukte til å gje former og farger ein verbal symbolikk. Han skildra alfabetet sitt og fargetonane sine, delvis med grunnlag i Goethe si fargelære, i L'art non-figuratif, non-objectif (1949).
Galleri Endra
-
'Park i Paris' (1904)
-
Le Canigou (1913)
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Auguste Herbin» frå Wikipedia på svensk, den 27. april 2020.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Bra Böckers lexikon, 1975
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene: