Aurillac
Aurillac | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Auvergne-Rhône-Alpes Cantal | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
28,76 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
30 551 1 062/km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 622 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) |
Aurillac (Orlhac på oksitansk) er ein by og kommune i Frankrike. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Cantal i regionen Auvergne-Rhône-Alpes. Innbyggjarane her vert kalla Aurillacois.
GeografiEndra
Aurillac ligg ved elva Jordanne. Aurillac vert ofte rekna som ein av dei kaldaste byane i Frankrike, men dette stemmer ikkje sidan han rett og slett berre er den høgstliggande byen som vanlegvis vert vist på vêrvarsel på TV.
ØkomoniEndra
Aurillac er den historiske hovudstaden til paraplyen, og byen produserer i dag meir enn halvparten av paraplyane i Frankrike.