Ausra Fridrikas (fødd 30. april 1967), fødd Miklušytė, er ein tidlegare handballspelar frå Varėna i Litauen. Ho vart verdsmeister med Sovjetunionen i 1990 og spelte til saman 384 landskampar for tre ulike land; Sovjetunionen, Litauen og Austerrike. Det internasjonale handballforbundet (IHF) kåra henne til årets spelar i 1999.

Ausra Fridrikas


Statsborgarskap Austerrike, Sovjetunionen, Litauen
Fødd 30. april 1967 (56 år)
Varėna
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Årets handballspelar frå IHF

Ho var ei tid gift Zuikiene, frå 1996 gift med Robertas Fridrikas, landslagsspelar i fotball for Litauen.

Klubbspel endre

Miklusyte/Zuikiene spelte for Eglė Vilnius i tida 1987-92, der ho i 1988 var med om å vinne IHF-cupen. Etter eit kort mellomspel i spanske Mar Valencia flytta ho hausten til Hypo Niederösterreich. I det austerrikske profflaget spelte ho ei viktig rolle for at klubben vann meisterligaen i 1993, 1994, 1995, 1998 og 2000. Perioden 2000-02 var ho Bækkelags-spelar, toppskårar for laget då det vart siger i NM-finalen 2000/01. Sommaren 2002 flytta ho til danske Slagelse FH, ein klubb som gjekk til topps i EHF-cupen 2003 og meisterligaen i 2004 og 2005. Med Slagelse vart ho også dansk seriemeister 2003 så vel som i 2005, samt cupmeister 2003. Etter tre år i Danmark busette ho seg i Austerrike, sitt heimland frå 1995. Fram til 2007 var ho aktiv i, fyrst, Wiener Neustadt, og sidan Hypo Niederösterreich.

Landslagsspel endre

Fridrikas deltok i 165 landskampar for Sovjetunionen. I 1990 var ho med i troppa som vann verdsmeisterskapen i Sør-Korea, utan å ha ei sentral rolle i mannskapet. I 1991 melde ho seg til teneste for Litauen sitt landslag, men braut med laget før Handball-VM 1993 i Noreg. Frå 1994 til 2000 representerte Fridrikas det austerrikske handballandslaget. I 1996 bidrog ho sterkt til at Austerrike vann bronse i europameisterskapen, og endå meir då eit mannskap med mange utanlandskfødde spelarar tok bronsen under verdsmeisterskapen 1999. Ho spelte i alt 133 landskampar for Austerrike.

Kjelder endre