Austbygde kyrkje er ei langkyrkje frå 1888 som står i Tinn kommune i Telemark. Kyrkja er av tre og bygd i seingotikk/ung-renessanse etter typeteikningar av Jacob Wilhelm Nordan. Ho har 300 sitjeplassar. Kyrkja har aksialt plassert tårn med to kyrkjeklokker frå Olsen Nauen Klokkestøperi. Dei er frå 1888.

Austbygde kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Fellesråd Tinn
Periode Seingotikk/ung-renessanse
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Innvigd 1888
Tårn Aksialt plassert tårn
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol I tre frå 1888
Døypefont I tre frå 1888
Altartavle Frå 1909 av Lars Osa
Sitjeplassar 300
Kart
Austbygde kyrkje
60°01′48″N 8°49′35″E / 60.02987194°N 8.82639889°E / 60.02987194; 8.82639889
Wikimedia Commons: Austbygde kirke

Altartavla er eit verk frå 1909 av Lars Osa med motivet Jesu dåp og er ein kopi etter Adolph Tidemand.

Ein stor del av inventaret elles er frå året kyrkja blei bygd. Det gjeld preikestolen i tre som er skoren av Gudbrand Johnsen og døypefonten som òg er laga av tre. Lysekrona kjem òg inn her.

Blant skattane i Austbygde kyrkje er ein gammal bibel frå 1700-talet og kalk, disk, staup og lysestakar.

Kjelder endre