Opna hovudmenyen
Austgulfjorden
Foto: Ola Hodne Titlestad

Austgulfjorden er ein fjordarm av Gulafjorden i Gulen kommune på sør for Sognefjorden. Fjorden er om lag 8 km lang og strekkjer seg frå vest til aust.

Fjorden har innløp sør for Øskjeneset. På nordsida av dette neset går Nordgulfjorden nordover. Rett aust for innløpet ligg neset Klubben og Livresundet. Over dette sundet kryssar riksveg 57 fjorden via Leversundbrua på 152 meter. Rett aust for Klubben ligg Hantveitneset på nordsida med Sommarlivika nord for neset. Her ligg òg garden Hantveit. På andre sida av fjorden ligg grenda Oppdalsøyra. Vidare innover i fjorden frå her vert fjordsidene stadig høgare og brattare. Inst i fjorden ligg grenda Austgulen og på nordsida her strekkjer Høgenipa seg opp til over 600 meter over havet.

Fylkesveg 3 går langs heile sørsida av fjorden.