Automatisk identifikasjonssystem

Automatisk identifikasjonssystem eller Automatic Identification System (engelsk), kortform AIS, er eit antikollisjonshjelpemiddel og overvakingssystem for skipsfarten. Fartøy som har utstyr for AIS om bord sender ut og utvekslar informasjon om identitet, posisjon, fart, kurs, osb. over frekvensar på VHF-bandet. AIS blir og nytta av maritime trafikksentralar for å halde oversyn over skipstrafikken innan områda deira.

AIS-eining om bord på eit fartøy, viser avstand, peiling og namn på andre fartøy.

Rekkevidda varierer, men kan vere opp til omkring 40+ nautiske mil. Etter krav frå IMO skal fartøy over 300 brutto registertonn i internasjonal fart ha utstyr for sending og mottak av AIS-signal. Dei aller fleste skip har i dag AIS.

Fiskefartøy over 18 meter må ha installert AIS klasse A innan 31. mai 2013.

Fiskefartøy over 15 meter må ha installert AIS klasse A innan 31. mai 2014.

I 2005 sendte Noreg opp ein eigen satellitt for å motta AIS-signal.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre