Avala (serbisk Авала) er eit fjell ved byen Beograd, hovudstaden i Serbia. Han vert kalla eit av to «fjell i Beograd», det andre er Kosmaj, og ligg søraust for sjølve byen med eit flott utsyn over Beograd, Vojvodina og Šumadija. Det har ei høgd på 511 meter over havet.

Avala
fjell
Soloppgang over Avala
Land  Serbia
Høgd 511 moh.
Koordinatar 44°41′25″N 20°30′51″E / 44.69028°N 20.51417°E / 44.69028; 20.51417
Kart
Avala
44°41′26″N 20°30′51″E / 44.690555555556°N 20.514166666667°E / 44.690555555556; 20.514166666667
Wikimedia Commons: Avala

Avala ligg 16 km søraust for Beograd og høyrer hovudsakleg til kommunen Voždovac, bortsett frå austlege område som høyrer til Grocka og dei sørlegaste som høyrer til Sopot.

Geografi og geologi endre

Avala er det nordlegaste fjellet i Šumadija. Fram til 600 000 år sidan, då det omliggande låglandet var havbotn i det indre Pannoniske havet, var Avala ei øy og er derfor rekna som ein del av Dei pannoniske øyfjella.

Fjellet består av serpentin, kalkstein og magmatiske bergartar. Avala hadde noko malm, hovudsakleg bly og kvikksølv. Gruvedrifta har vorte sport tilbake til antikken, men har vore nedlagd sidan 1960-åra.

Historie endre

I mellomalderen låg byen Žrnov på toppen av Avala. I 1442 vart han erobra av Det osmanske riket, som bygde ein ny bye her som eit motsvar til festninga i Beograd.

Fjellet har vore verna sidan 1859 [1]. I 1934 vart ruinane av den gamle byen Žrnov fjerna for å gje plass til monumentet for den ukjende helten. Som ein del av Jugoslavia vart området erklært nasjonalpark, men det mista denne statusen i 1946. I 1965 var det 202 meter høge Avala TV-tårn bygd på toppen, ein av dei høgaste strukturane på heile Balkan. Tårnet hadde ein restaurant 120 meter over bakken. Tårnet vart øydelagd under NATO-bombinga av Serbia i 1999. I 2006 starta gjenoppbygginga av tårnet, som stod ferdig i 2008.

Kjelder endre

  1. J.Lucić (2008). «Avala - predeo izuzetnih odlika». Politika (på serbisk): 23.