Avallon er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Yonne i regionen Bourgogne-Franche-Comté. Byen har om lag 8 000 innbyggjarar

Avallon
Hovudgata i Avallon
Hovudgata i Avallon
Hovudgata i Avallon
Byvåpenet til Avallon
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bourgogne-Franche-Comté
Yonne
Geografi
Flatevidd 26,75 km²
Flatevidd
 - By

26,75 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

8 217
  307/km²
Koordinatar 47°29′N 03°55′E / 47.483°N 3.917°E / 47.483; 3.917
Høgd over havet 254 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 89200
Heimeside: www.ville-avallon.fr

Geografi endre

Avallon ligg 55 km søraust for Auxerre, langs jernbanelinja mellom Paris og Lyon. Byen ligg på ei lita høgd og har vide gater og pittoreske promenadar. Like sør for byen renn elva Cousin.

Historie endre

Romarane hadde ein liten busetnad her kalla Aballo,[1] ein mutatio eller ein stasjon der ein hadde utkvilte hestar. To rosa marmorsøyler i kyrkja St-Martin du Bourg kjem opphavleg frå eit ukjend tempel. Den romerske festninga, som ligg på ein knaus over Cousindalen, har fått namnet Montmartre («Martyrfjellet»).

I år 470 forsvann (og sannsynlegvis døydde) den romano-britiske kongen Riothamus i Avallon etter å ha tapt eit slag mot gotarar, som den vestromerske keisaren Anthemius hadde leigd inn for å slåst for seg. Dette, og andre sider frå regjeringstida hans, har gjort han til ein mogeleg kandidat som den historiske Kong Arthur.

Avallon (Aballo) var i mellomalderen sete for eit visehertugdøme som hadde sjølvstende under hertugdømet Burgund. Då Karl I av Burgund døydde i 1477 kom byen under kongeleg styre.

Fotnotar endre

  1. Keltisk, «Epletre» ([1] Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Avallon