Avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag (HiO)
Avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag (eller JBI) var ei avdeling ved dåverande Høgskolen i Oslo. Avdelinga vart oppretta samstundes med høgskolen 1. august 1994, og bestod av dei to studieretningane Journalistutdanninga og Bibliotek- og informasjonsstudiane. Dei to studieretningane har sitt opphav i to tidlegare statlege høgskolar, Norsk Journalisthøgskole og Statens bibliotek- og informasjonshøgskole. Den tidlegare Pressefotografskolen i Fredrikstad vart ein del av avdelinga i 1995 under namnet Fotojournalistutdanninga.
Avdelinga vart slått saman med Avdeling for samfunnsfag til Fakultetet for samfunnsvitskap då HiO og Høgskolen i Akershus slo seg saman til Høgskolen i Oslo og Akershus[1].
Bakgrunnsstoff
endre- JBIs nettstad Arkivert 2010-03-03 ved Wayback Machine.
- Journalen, journaliststudentane si nettavis Arkivert 2015-10-31 ved Wayback Machine.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
- ↑ storbyuniversitetet, OsloMet-, «Om Fakultet for samfunnsvitskap», www.oslomet.no (på norsk), henta 19. februar 2025