Statens bibliotekhøgskole

Statens bibliotekhøgskole, SBH, som seinare fekk namnet Statens bibliotek- og informasjonshøgskole, SBIH, var ein tidlegare høgskule i Oslo. Skulen opna 15. januar 1940 under namnet Statens bibliotekskole for å utdanne bibliotekarar på eit fem månaders kurs, men måtte stengje før tida på grunn av den tyske okkupasjonen av Noreg under den andre verdskrigen. Likevel fekk dei fyrste elevane fullført kurset og teke eksamen om hausten same året. Deretter var skulen stengd fram til hausten 1945. Utdanninga vart då på ni månader, auka til tre semester i 1958 og fire semester i 1965. Fram til 1979 låg skulen under Kyrkje- og undervisningsdepartementet, deretter under Kultur- og vitskapsdepartementet.

I 1980 vart namnet endra til Statens bibliotekhøgskole, og i 1990 til Statens bibliotek- og informasjonshøgskole. Frå 1. august 1994 vart skulen gjort om til ein del av avdelinga for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag i den då nyoppretta Høgskolen i Oslo, som seinare vart til Høgskolen i Oslo og Akershus.

Statens bibliotekhøgskole hadde opphavleg lokale på hovudbiblioteket til Deichmanske bibliotekHammersborg i Oslo, men flytta til lokale i Incognitogaten 7 i 1962 og til Dælenenggata 26 i 1968, og flytta som Statens bibliotek- og informasjonshøgskole til Pilestredet 52 i august 1995 i samband med at skulen hadde vorte ein del av Høgskolen i Oslo.

LitteraturEndra

BakgrunnsstoffEndra