Avgjeven effekt er arbeid per tidseining som vert levert av ein maskin eller eit apparat. For ein elektrisk generator er avgjeven effekt den elektriske effekten som vert levert til nettet. For ein motor er avgjeven effekt den mekaniske effekten som motoren yter. Avgjeven effekt frå ein forsterkar er den elektriske effekten som vert avgjeven frå forsterkarutgangen, til dømes til ein høgtalar.

Effekten vert gjeven i watt (W) eller kilowatt (kW).

Kjelder

endre