Avhengnad
Avhengnad er i medisinsk forstand ein tilstand som er prega av fysiologiske, kognitive og åtferdsmessige fenomen der ein person gjev bruk av eit stoff, ei gruppe med stoff eller ei åtferd, høgare prioritet til fortrenging av ei anna åtferd som personen tidlegare tilgav stor verdi.
Substans- eller aktivitetsavhengnad
endreAvhengnad kan delast opp i to undergrupper: substansavhengnad, dvs. fysisk eller psykisk skadeleg avhengnad av kjemiske stoff, og aktivitetsavhengnad, dvs. skadeleg avhengnad av aktivitetar som er økonomisk ruinerande eller svært tidkrevjande. Ein kan berre snakka om aktivitetsavhengnad når aktivitetane kan ha sosiale, interpersonlege, psykologiske eller økonomiske skadeverknader dersom bruken kjem ut av kontroll. Døme på aktivitetar som kan skapa avhengnad er t.d. hasardspel. Døme på stoff som gjev avhengnad er narkotika, nikotin og alkohol.
Internasjonale kriterium for avhengnad
endreIfylgje International Classification of Disease skal noko berre kallast avhengnad viss minst tre av dei fylgjande kriteria er oppfylte: (Dette gjeld i fyrste rekkje substansavhengnad.)
- Sterk lyst, eller tvangskjensle, til å innta stoffet.
- Problem med å kontrollera inntaket av stoffet, i forhold til å starta, avslutta, og mengda som vert teken.
- Fysiologisk abstinens-tilstand som opptrer dersom bruken av substansen opphøyrer eller vert redusert, eller som syner seg med karakteristisk abstinensyndrom for det aktuelle stoffet, eller gjennom bruk av det same eller liknande stoff for å lindra eller unngå abstinenssymptom.
- Toleranseutvikling, slik at større dosar må til for å gje same effekten som tidlegare.
- Aukande likesæle i høve til andre gleder og interesser. Aukande tid brukt på å skaffa seg stoffet, på å bruka det, eller på å koma seg i form etter bruken av det.
- Åtferda og bruken held fram sjølv om openberre teikn på skadelege konsekvensar kjem til syne.
Sjå også:
endreKjelder
endre- Store Norske Leksikon om avhengnad, skriven av Ingunn B. Skre.
- Bokmålswikipedia om avhengnad.