Avihayil
Avihayil (hebraisk skrift אֲבִיחַיִל, tyder Styrkens far) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nordaust for Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 1 394.[1]
Avihayil | |||
אֲבִיחַיִל | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Heferdalen | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 1 394 (2012) | ||
Grunnlagd | 19. juli 1932 | ||
- Grunnlagd av | Veteranar frå Den jødiske legionen. | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Avihayil | |||
Wikimedia Commons: Avihayil | |||
I 1921 slo veteranar frå Den jødiske legionen under den fyrste verdskrigen seg ned i eit ørkenområde som dei fekk av dei britiske mandat-styresmaktene nordaust i Negev, nær Tel Arad. Busetnaden vart fråflytta då dei ikkje fann vatn.
Ein ny landsby vart grunnlagd i Heferdalen den 19. juli 1932 på eit audeområde med sanddyner, eigd av Jewish National Fund.
I 1946 vart Avihayil slått saman med ein nærliggande moshav, Ein HaOved. Grunnleggjarane var immigrantar frå Canada, Russland og USA, i tillegg til fleire innfødde israelarar. I 1967 var det 605 innbyggjarar i landsbyen og hovudnæringa var jordbruk, mellom anna sitrus.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Avihayil» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 12. april 2015.