Avis i Skolen
Avis i Skolen er eit utdanningsprosjekt som vart etablert i 1970 av Norske Avisers Landsforening, som i dag heiter Mediebedriftenes Landsforening (MBL).
Avis i Skolen var både ein undervisingsmetode og eit middel i undervisinga til å auka kunnskapane til elevane og interesser for nyhendestoff.
Målet var å auka interessa for og nytta av aviser blant barn og unge i grunnskulen og dei vidaregåande skulane. Dei ynskte òg å gjera ungdom vant til å lesa avis, og det vart oppfordra til å bruka avis som hjelpemiddel i undervisinga.
Dei fleste MBL-medlemmane har ein eigen Avis i Skolen-kontaktperson som er ansvarleg for tiltak i eiga avis.
Avis i Skolen har 35 instruktørar rundt i landet som arrangerer kurs for opptil 7 500 lærarar og foreldre i året.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Avis i Skolen» frå Wikipedia på bokmål, den 8. desember 2015.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
BakgrunnsstoffEndra
- Avis i Skulen Arkivert 2005-12-17 ved Wayback Machine.
- Avis i Skulen Hordaland Arkivert 2020-12-04 ved Wayback Machine.
- Avis i Skulen Agder Arkivert 2016-01-22 ved Wayback Machine.