Avistegnernes Hus

Avistegnernes Hus, Nasjonalt senter for tegning og ytringsfrihet er eit kunstgalleri i Drøbak som særleg har utstillingar av avisteikningar, teikneseriar og illustrasjonskunst.

Avistegnernes Hus i Drøbak.

Galleriet vart skipa som ei stifting 8. april 1999 av Frogn kommune og ein rad medieverksemder og privatpersonar. Meininga var dels å skape eit kompetansesenter for avisteikninga som kunstform, dels å heidre teiknaren og satirikaren Fredrik Stabel som hadde sin bustad i Drøbak frå 1970 til han døydde i 2002. Det opphavlege namnet på galleriet var difor «Fredrik Stabel og Avistegnernes Hus».

Galleriet vart frå 2010 ei avdeling av Akershusmuseet etter å ha vorte «konsolidert» med Follo Museum frå 1. januar 2009. Akershusmuseet har teke over det økonomiske ansvaret, og det tidligare styret for stiftinga er vorte eit fagstyre med avgrensa rettar og ansvar, beinveges underlagt styret for Akershusmuseet. Men stiftinga Avistegnernes Hus er oppretthalde.

BakgrunnsstoffEndra