Fredrik Stabel, eller Henrik Fredrik Stabel (4. januar 19142. juli 2001), var ein norsk teiknar, grafikar og forfattar. Han vart fødd i Kristiania (Oslo) og døydde i Drøbak, der han hadde hatt sin bustad frå 1970.

Fredrik Stabel
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. januar 1914
Oslo
Død

2. juli 2001 (87 år)

Yrke illustratør, grafikar
Born Anne-Mette Stabel

Fredrik Stabel er særleg kjend for sine satiriske avisteikningar og kommentarar til det menneskelege tilværet og den menneskelege dårskapen, framstilt i burleske teikningar og utsegner i spalta om Norsk Dusteforbund (Dusteforbundet) i dagsavisa Dagbladet i heile førti år (frå 1950 til 1990), og utgjeve i bokform.

Fredrik Stabel hospiterte ved Statens håndverks- og kunstindustriskole nokre år under andre verdskrigen og teikna i satiriske og humoristiske blad som Tyrihans, Humoristen og Karikaturen. Seinare arbeida han med grafikk og utgav nokre bøker, men er altså framfor alt kjent som avisteiknar i Dagbladet, der han tok til i 1940 og skapte Norsk Dusteforbund ti år seinare.

Verk av Fredrik Stabel er kjøpt inn av Nasjonalgalleriet i Oslo. Han er dessutan vorte heidra for den kunstnariske verksemda si ved utstillingar i Avistegnernes Hus i heimbyen Drøbak, som er eit kunstgalleri som vart skipa både for å gjere ære på hans kunst, og for å skape eit kompetansesenter for avisteikninga som kunstform.

Bøker endre

  • Keiser Nimbus og lille Karolius Kattetegner (1946)
  • Snarere tvert imot (1960) [utval frå Dusteforbundet]
  • Nok av det (1962) [utval frå Dusteforbundet]
  • Tiltredes (1965) [utval frå Dusteforbundet]
  • Bevare meg vel (1968) [utval frå Dusteforbundet]
  • Jeg sier ikke mere (1978) [utval frå Dusteforbundet]
  • Muntre streker (1977), saman med Kjell Aukrust, Audun Hetland og Pedro
  • Malebok for voksne (1985)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre