Follo Museum er regionsmuseum for kommunane i distriktet Follo i Akershus. Det omfattar Friluftsmuseet, som syner fram ei samling bygningar henta frå fleire stader i Follo, og ligg på Seiersten i nærleiken av Drøbak. Frå årsskiftet 2010/2011 gjekk museet inn som ei eining i det konsoliderte Akershusmuseet, som har hovudkontor på Strømmen i Skedsmo kommune.

Gamle Holstad skole er å sjå på Follo Museum.
Foto: Ståle Johnsen
Roald Amundsens villa Uranienborg attmed Bunnefjorden på Svartskog fotografert i 1909.

Follo Museum kan tilby publikum å vitje:

  • Friluftsmuseet på Seiersten, som har tilhald på eit område som tidlegare var hestehage for Seiersten prestegård, femner om soga knytt til Korsegården skysstasjon, landevegssmia, skulen, garden og husmannsplassen. I administrasjonsbygningen på museet er det kafé og lokalhistorisk bokhandel.
  • Uranienborg på Svartskog i Oppegård kommune, som var Roald Amundsens heim ved Bunnefjorden frå 1908 til han døydde i 1928. Huset er ein sveitservilla frå 1898, og står uendra slik det var då Amundsen drog av garde med flyet Latham for å freiste kome general Nobile og ekspedisjonen hans til hjelp. Frå 1935 har Uranienborg vore museum, og i 2003 tok Follo Museum over forvaltingsansvaret.
  • Tåkeklokka på Elle sør for Drøbak, oppretta i 1911 og teke ut or drift i 1983. Klokketårnet er i tre, bygd i sveitserstil, og både klokka og drivverk er intakt. Klokka klemta samanhengande når tåka låg, drive av eit urverk som måtte dragast opp med jamne mellomrom.
  • Drøbak hjelpefengsel
  • O. B. Hansens Trykkerisamling er ei samling trykkjeriutstyr etablert i lokala til Drøbak Båtforenings Maritime Samlinger i eit samarbeid mellom familien O. B. Hansen, Drøbak Båtforening og Follo Museum. O. B. Hansens Boktrykkeri var ei familieverksemd med aksidenstrykkjeri og papirhandel, og stod for utgjevinga av lokalavisa Akershus Amtstidende.
  • Riktig Restaurering Akershus, som skipar til møte og kurs om rett restaurering, og slik tryggje og vidareutvikle eldre handverkstradisjonar, har sine lokale på Follo Museum.

Avistegnernes Hus i Drøbak er eit kunstgalleri som frå 2010 vart ei avdeling beinveges under Akershusmuseet etter å ha vorte konsolidert med Follo Museum frå 1. januar 2009. Son Kystkultursenter, med mellom anna ei samling gamle bruks- og fritidsbåtar, låg òg tidlegare under Follo Museum, men er no ei avdeling under Oslofjordmuseet i Vollen i Asker, som likeeins er ei avdeling under Akershusmuseet.

Bakgrunnsstoff endre