Avnei Eitan (hebraisk אַבְנֵ"י אֵיתָ"ן) er ei israelsk busetjing og ein moshav i Golanhøgdene, kring 385 meter over havet.

Avnei Eitan
אַבְנֵ"י אֵיתָ"ן, Avne Eitan
landsby
Region Golanhøgdene
Distrikt Nord distrikt
Kommune Golan
Koordinatar 32°49′29″N 35°46′00″E / 32.82472°N 35.76667°E / 32.82472; 35.76667
Folketal 583  (2012)[1]
Kart
Avnei Eitan
32°49′29″N 35°46′00″E / 32.824722222222°N 35.766666666667°E / 32.824722222222; 35.766666666667
Wikimedia Commons: Avnei Eitan

Historie endre

Avnei Eitan vart grunnlagd etter Jom kippúr-krigen i 1973 til minne om seks israelske soldatar som vart drepne i krigen. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[2] Svartfossen, kalla opp etter den svarte basaltsteinen, og Kvitfossen, kalla opp etter den kvite kalksteinen, ligg nær Avnei Eitan.[3]

Avnei Eitan er ein ortodoks jødisk jordbrukssamfunn i Gush Hispin, ei gruppe religiøse samfunn sør i Golanhøgdene. Moshaven høyrer til Golan regionale kommune.

Kring 80 familiar bur i Avnei Eitan, inkludert 20 familiar som vart kasta ut av Gush Katif, hovudsakleg frå Netzer Hazani og Kfar Darom. Her ligg Mechinat Avnei Eitan førmilitære yeshiva, òg kalla «Leiarskapen Yeshiva akademi», der hovudsakleg engelskspråklege studentar. Mange av dei ferdigutdanna elevane vert elitesoldatar i det israelske forsvaret.[4]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014. 
  2. «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009. 
  3. Places i Golan: Nahal El Al
  4. Leadership Yeshiva Academy, arkivert frå originalen 19. august 2013, henta 22. februar 2015