Avonmore (irsk Abhainn Mór «stor elv») er ei elv i Republikken Irland. Ho renn frå Lough Dan i Wicklowfjella vest for Roundwood. Avonmore renn gjennom Annamoe, Laragh og så gjennom ein skogkledd dal til Rathdrum. Ho renn hovudsakleg sørover i om lag 30 km før ho renn saman med Avonbeg ved The Meeting of the Waters («der vatna møtest») og dannar Avoca, som renn vidare til Irskesjøen ved Arklow.

Avonmore
elv
Avonmore mellom Avondale og The meeting of the waters
Land  Irland
Lengd 30 km
Kjelde Lough Dan i County Wicklow
Munning Irskesjøen ved Arklow via Avoca
Kart
Avonmore
52°54′02″N 6°13′13″W / 52.900555555556°N 6.2202777777778°W / 52.900555555556; -6.2202777777778
Wikimedia Commons: Avonmore River

Kjelder

endre