County Wicklow (irsk Contae Chill Mhantáin) er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsen Leinster. Administrasjonsbyen er Wicklow, medan den største byen er Bray. Grevskapet vert stundom kalla The last country på folkemunne, sidan det er det siste grevskapet som vart oppretta, i 1605 på territorium som tidlegare var del av County Dublin. Det vert òg kalla Irland sin hage.

County Wicklow
Contae Chill Mhantáin
Våpen
Land  Irland
Del av Irland
Hovudstad Wicklow
Areal 2 024 km²
Folketal 114 676  (2006)
Folketettleik 57 / km²
Provins Leinster
Bilnummer WW
Kart
County Wicklow
53°00′00″N 6°25′00″W / 53°N 6.4166666666667°W / 53; -6.4166666666667
Wikimedia Commons: County Wicklow
Nettstad: www.wicklow.ie

Inn på 1800-talet var Wicklow eit sentrum for irske opprørarar, og ein militærveg vart lagd gjennom grevskapet for at britiske styrkar raskt kunne flytte seg i området.

Ruinane av det store klosteret Glendalough ligg i Wicklow.

County Wicklow grensar til Dublin i nord, Kildare og Carlow i vest, Wexford i sør og Irskesjøen i aust.

Byar og landsbyar i Wicklow endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre