Avonmouth er eit hamneområde og ein forstad til Bristol i England. Området ligg ved og har namn etter munningen av elva Avon, og ved Bristolkanalen. Ein av dei største hamnene i området, Avonmouth Docks, ligg her. På den andre sida av elva ligg Royal Portbury Docks, som tilhøyrer det same hamnekomplekset.

Avonmouth
busetnad
Land  England
Kart
Avonmouth
51°30′04″N 2°41′56″W / 51.501°N 2.699°W / 51.501; -2.699
Wikimedia Commons: Avonmouth
Elva Avon ved Avonmouth med vegbrua for M5

Staden har ein del kjemisk industri og eit gasskraftverk. Mellom motorvegen M5 og industrisona ligg det òg eit stort bustadområde.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Avonmouth