Forstad er eit omgrep for busetjing i utkanten av ein by. Dei fleste forstadar i større byar har vore små landsbyar som gradvis har vorte slukte av ein nærliggjande veksande by. Andre forstadar kan ha vore danna som eigne drabantbyar utanfor byen, som så har vakse. I motsetnad til sjølvstendige bygder er ein forstad sosialt og kulturelt grodd saman med den nærliggjande storbyen, men han har likevel gjerne eit eige sentrum.

Barbu ved Arendal, døme på ein forstad.

Soge endre

I etterkrigstida og fram mot 60- og 70-talet vart motorvogner allemannseige og vegnettet ikring byane vart utbygde, dette førte til ei særskild oppbloming av forstadslivet. Mogleiken til å pendle over større avstandar, lågare etableringskostnad og ljos og luft som hadde førebyggjande effekt på sjukdomar, førte til at spesielt barnefamiliar trekte seg ut av byområda. Det vart dyrare å bu i storbyane, dermed flytta mange fattige menneske ut til forstadane, mange flyktningar var òg plasserte i blokkar bygde i forstadane.

I mange tilfelle var forstadslivet sett på som tafatt og mindre kulturelt. På grunn av dårleg byplanlegging, vantande lokal identitet og mangel på arbeidsplassar i forstadane vaks fattigdomen og kriminelle miljø fram.

Det modernistiske idealet for byplanen var særs utbreidd i perioden då forstadane voks fram. Det er ikkje mange tilfelle av forstadsutbygging i klassisk byplanstil, då det vart sett på som gamaldags og umoderne. Det var den moderne byen med blokkar og motorvegar som sette dagsorden for utbygginga. Til dømes er Høje-Tåstrup utanfor København eit forsøk på klassisk urban oppbygging av ein forstad, medan Gellerup-parken utanfor Århus er eit typisk modernistisk forstadsprosjekt. I nyare tid, etter post-modernismen, har ein delvis gått vekk ifrå den barske modernismen, og ein henta meir inspirasjon frå tettbygde bustadfelt. Ein forsøkte å byggje opp tette kjernar av busetjing kring forstadmidten for å styrkje lokal identitet og betre forstaden si rolle i bysamfunnet.

Døme på forstadar i Noreg:

Bergen: Nesttun

Oslo: Lillestrøm, Kolbotn, Bærum, Asker, Skedsmokorset, Rælingen, Lørenskog, Strømmen og Nittedal

Trondheim: Heimdal

Utvikling endre

Debatten om byplanutvikling i nyare tider har ein gått gradvis over til å nytte omgrepet by-region framfor einskilde byar. Det er i mange høve ikkje lenger soleis at ein kan skilja byar, land og forstadar frå kvarandre når ein diskuterer kulturlandskap og bysamfunn. Byane vert for store, og tek til seg atskillege forstadar, og anna rural mark. Somme stadar vil to eller fleire byar av stort omfang vekse saman, og danna eit felles bysamfunn. I desse døma vil ikkje nokon av dei leiande byane kunne gjere dei andre til forstadar, men heller gro til ein sameksistens med fleire polar. Moderne livsmønster med IT-teknologi, effektiv infrastruktur og mobil arbeidsstryke gjer det mogeleg for heile regionar å operere som ein einskild byregion. Gode døme for byregionar finn ein i Nederland, som t.d Amsterdam og Utrecht, eller over den Svensk-Danske grensa med Roskilde-Københamn-Malmö.