Awali (arabisk نهر الأولي, Nahr al-Awalī) er ei fleirårig elv som flyt i det sørlege Libanon.[1] I antikken vart ho kalla Asclepius. Elva er 48 km lang og spring ut i Baroukfjellet i ei høgd på 1492 meter over havet, og Nihafjellet. Awali har to sideelvar, Barouk og Aaray. Awali vert òg kalla Bisri i den øvre delen. Ho flyt nedover vestsida av Libanonfjella og ut i Middelhavet. Awali har ei middelvassføring på 10,1625 kubikkmeter i sekundet og drenerer eit område som dekkjer 294 kvadratkilometer.[2]

Awali
elv
Land  Libanon
Nedslagsfelt 294 km²
Lengd 48 km
Middelvassføring 10,1625 /s
Kjelde Barouk- og Nihafjella i Libanon
Munning Middelhavet
Kart
Awalielva
33°35′20″N 35°23′10″E / 33.58880306°N 35.38604°E / 33.58880306; 35.38604
Wikimedia Commons: Awali (river)

Kjelder endre

  1. Libanese Ministry of Environment (2008). Libanon State of the Environment Report (PDF). Beirut: Ministry of Environment. Arkivert frå originalen (PDF) 30. mai 2020. Henta 14. august 2014. 
  2. Arab Resource Development (2003). INTEGRATED WATER RESOURCES MANAGEMENT IN CAMP AREA WITH DEMONSTRATIONS IN DAMOUR, SARAFAND AND NAQOURA MUNICIPALITIES (PDF). Beirut: Ministry of Environment. s. 132. Arkivert frå originalen (PDF) 20. august 2016. Henta 14. august 2014.