Axel Heibergs land

Axel Heibergs land er ei av Elisabetøyane i Nunavut-territoriet i Canada. Ho ligg mellom 78° og 81° nordleg breidd, og 85° og 97° vestleg lengd. Øya har ei flatevidd på 43 178 km² og er den sjuande største øya i Canada. Ho er skilt frå Ellesmereøya av Nansensundet.

Axel Heibergs land
øy
Satellittbilete av Axel Heibergs land
Land  Canada
Del av Det kanadiske polararkipelet
Areal 43 178 km²
Folketal 8
Kart
Axel Heibergs land
79°41′01″N 91°25′19″W / 79.683611111111°N 91.421944444444°W / 79.683611111111; -91.421944444444
Wikimedia Commons: Axel Heiberg Island
Kart over øyane i arktisk Canada
Kart over Axel Heibergs land

Øya er folketom.

Natur

endre

Isbrear dekker ein tredjedel av flatevidda. I Expedition Fiord ligg botnbreen White Glacier (Kvitbreen). Han fell frå 1782 moh. til 56 moh, og er den botnbreen i verda med nest størst fall. Ein reknar med at han var på sitt største (lengst framskoten) i nyare tid ein gong mellom slutten av 1700-talet og byrjinga av 1900-talet. 2211 m høge Outlook Peak er den høgste fjelltoppen.

Historie

endre

Øya er kjend for forsteina skogar frå eocen-perioden, 40-50 millionar sidan. Ho har vore busett av inuittar, men var folketom då den andre Fram-ekspedisjonen utforska området i 1900. Øya er oppkalla etter den norske bryggerieigaren Axel Heiberg, som var med å finansiere den nemnde ekspedisjonen. Norske interesser gjorde krav på Axel Heibergs land frå 1902 til 1930, då den norske staten lét kravet falle.

I 1960 oppretta forskarar frå McGill-universitetet ein forskingsstasjon inst i Expedition Fiord (tidlegare Sørfjorden). Stasjonen hadde på 1960-talet eit mannskap på 20, men vert i dag brukt berre til kortvarige feltarbeid.

Kjelder

endre