Azure d'Or

Azure d'Or
Studioalbum av Renaissance
Utgjeve 1979
Innspelt November 1978 – februar 1979
Studio Maison Rouge Studios, London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 42:55
Selskap Warner Bros. (Storbritannia)
Sire (Nord-Amerika)
Produsent David Hentschel
Renaissance-kronologi
A Song for All Seasons
(1978)
Azure d'Or Camera Camera
(1981)


Singlar frå Azure d'Or
  1. «The Winter Tree»
    Utgjeve: 1979
  2. «Jekyll and Hyde»
    Utgjeve: 1979

Azure d'Or er det niande studioalbumet av det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1979.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

OversynEndra

Med dette albumet slutta bandet å bruke orkester, og valte i staden å overdubbe mange instrument sjølv i eit forsøk på å etterlikne ein orkesterlyd.[2] Det var òg det første albumet deira som berre bestod av kortare songar utan lange «episke» stykke.

«Forever Changing» var den einaste Reneissance-songen der trommeslagaren Terry Sullivan skreiv all musikken.

Før albumet kom ut vart innhaldet publisert i eit brev til Renaissance Appreciation Society, og inkluderte «Island of Avalon». Denne songen enda opp med å bli fjerna frå den endelege utgjevinga, då bandet ikkje var nøgd med songen. Denne vart i staden gjeven ut som ei B-side til singelen «The Winter Tree» i april 1979;[3] det var den einaste B-sida av denne typen i tida Haslam var i bandet. Han kom ut på CD i 1997 på samlealbumet Songs from Renaissance Days.

Etter dette albumet gjekk Renaissance gjennom store endringar og ei usikker framtid. Etter ein kort turné i 1980 slutta både John Tout og Terry Sullivan i bandet. Tout sleit med personlege problem etter systera døydde og hadde spelt kraftig feil under ein konsert og gått av scenen. Etter dette vart bandet og Tout samde om at han skulle forlate bandet. Terry Sullivan, ein langvarig ven av Tout, slutta så i bandet av prinsipp. På toppen av alt dette vart bandet droppa av selskapet sitt, Warner Brothers/Sire, på grunn av skuffande sal av Azure d'Or.[3]

InnhaldEndra

Side ein
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Jekyll and Hyde»Betty ThatcherMichael Dunford4:39
2.«The Winter Tree»ThatcherDunford3:03
3.«Only Angels Have Wings»Jon CampCamp3:41
4.«Golden Key»ThatcherDunford5:12
5.«Forever Changing»ThatcherTerence Sullivan4:48
Side to
Nr.TittelTekstMusikkLengd
6.«Secret Mission»CampCamp5:00
7.«Kalynda (A Magical Isle)»CampCamp3:42
8.«The Discovery» (Instrumental)Camp4:24
9.«Friends»ThatcherDunford3:31
10.«The Flood at Lyons»CampDunford4:55

MedverkandeEndra

RenaissanceEndra

  • Annie Haslam – solovokal (1–2, 4–7, 9, 10) og korvokal
  • Michael Dunford – elektrisk gitar (1, 5–6, 8–10), 12-strengs akustisk gitar (1–2, 4–9), klassisk gitar (5, 8), mandolin (4), autoharpe (5, 10)
  • John Tout – piano (1–2, 4–7, 9–10), Yamaha CS-80 (1–6, 8–10), Yamaha CS30 (1–2, 6, 8, 10), ARP String Ensemble (1–4, 6–7, 10), ARP Pro Soloist (4–5), ARP 2600 (8), Hammond B3 (8), Yamaha elektrisk piano CP 70 (8), Mellotron (9–10)
  • Jon Camp – korvokal, solovokal (3), bass (1–2, 4–10), basspedalar (4–10), cello (1), 12-strengs akustisk gitar (5), elektrisk gitar (6–8)
  • Terence Sullivan – trommer (1–2, 4–10), perkusjon (1–2, 4, 6–9), pauker (5–6, 10), klokkespel (5), gong (6), chimes (6, 10), xylofon (10), korvokal (4)

ProduksjonEndra

  • David Hentschel – produsent, lydteknikar
  • David Bascombe – assisterande lydteknikar
  • Dick Plant – vokalinnspeling
  • Gered Mankowitz – kunstnarisk leiar og fotografi

KjelderEndra

  1. Eder, Bruce. «Azure D'or – Renaissance review». AllMusic. Henta 6. april 2020. 
  2. Liner notes from the Tales of 1001 Nights samlealbums
  3. 3,0 3,1 The History Of Renaissance