Azzun
Azzoun eller Azzun (arabisk عزّون) er ein palestinsk by i Qalqilya guvernement nord på Vestbreidda, 9 kilometer vest for Qalqilya og 24 kilometer sør for Tulkarm. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Azzoun, i lag med dei nærliggande landsbyane Islah og Izbat al-Tabib, eit folketal på over 8 900 i 2007.[2] Dei fleste innbyggjarane er muslimar, med ein særs liten kristen minoritet.[3][4]
Azzoun | |||
عزّون, עזון, 'Azzoun, Azon | |||
kommune | |||
Azzoun
| |||
Namneopphav: Azzun, personal name[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Qalqilya guvernement | ||
Koordinatar | 32°10′35.34″N 35°03′34.43″E / 32.1764833°N 35.0595639°E | ||
Areal | 9,1 km² | ||
Folketal | 8 300 (2006) | ||
Folketettleik | 912 / km² | ||
Azzun 32°10′35″N 35°03′34″E / 32.176483333333°N 35.059563888889°E | |||
Kart som viser Azzun.
| |||
Wikimedia Commons: Azzoun |
Historie
endreLike nord for landsbyen vart seks-sju steintårn utforska i 1873. Det best bevarte hadde seks skifter ståande, og ein del av eit tak. Dei lokale sa dei var eldgamle vintårn.[5]
Azzoun var åstad for eit slag under felttoget til Napoleon Bonaparte i Osmansk Syria.[6]
Då den franske hæren marsjerte inn i Palestina kommandert av Napoleon i februar 1799, møtte han kraftig og uventa motstand frå innbyggjarane i Jabal Nablus kommandert av lokale leiarar. Dei gjekk til åtak på den franske hæren då dei marjserte mot Akko, særleg nær Azzoundalen, og tok del i slaget ved Tal-Tabur.
I 1852 vitja den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson landsbyen, og skreiv at han hadde 290 menn, alle muslimar utanom ein kristen familie.[7] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Azzun som ein «liten landsby i ei låg åsside, med fleire brunnar og oliven på kvar side.»[8]
Før den arabisk-israelske krigen i 1948 hadde byen eit landområde på 23 496 mål. I dag består byen av 9 130 mål der 1 209 mål er utbygde område. Det ligg fire moskear i byen. Dei fleste innbyggjarane arbeider innan jordbruk og dyrehald (40 %) eller handel og handverk (41%), medan 19 % arbeider innan offentleg sektor.
Demografi
endreI folketeljinga i 1922 hadde Azzun eit folketal på 700, 9 kristne og 691 muslimar.[9]
I 1945 var folketalet i Azzoun, i lag med Nabi Ilyas og Islah, 1 190, alle arabarar, som eigde 23 496 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 5 494 mål for plantasjar og irrigert land, 1 420 vart nytta for korn,[11] medan 55 mål var utbygd (urbant) land.[12]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Azzun» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Doumani, Beshara (1995). «Rediscovering Palestina, Merchants and Peasants in Jabal Nablus, 1700–1900». University of California Press.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1856). Later Biblical Researches in Palestine and adjacent regions: A Journal of Travels i year 1852. London: John Murray.
- ↑ Palmer, 1881, s. 183
- ↑ «Population, Housing and Establishment Census 2007 : Census Final Results in The West Bank Summary (Population and Housing).» (PDF). Palestinsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 23. september 2015.
- ↑ 2007 Census - Qalqilya guvernement Palestinsk statistisk sentralbyrå, s.51
- ↑ Independent Candidate Afaf Shatara and the Palestinian Local Elections, arkivert frå originalen 11. januar 2014, henta 23. september 2015
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 171
- ↑ Azzoun Past and Present[daud lenkje] Abdul Aziz Arar.
- ↑ Robinson and Smith, 1856, s.135-136
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 164
- ↑ Barro, 1923, Table IX, Subdistrict of Tulkarem, s. 28
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 74
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 124
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 174