Opna hovudmenyen
Kart frå 1851 over Osmansk Syria, som syner eyaleta Aleppo, Damaskus, Tripoli, Akko og Gaza.

Osmansk Syria eller Ottomansk Syria syner til eit område av Det osmanske riket i Levanten, vanlegvis regionen aust for Middelhavet, vest for Eufrat, nord for Den arabiske ørkenen og sør for Taurusfjella.[1]

Osmansk Syria vart organisert av osmanarane då dei erobra området frå mamelukkane tidleg på 1500-talet og inndelt i eyaleta (provinsane) Damaskus og Aleppo. Tripoli eyalet vart skipa i 1579 og seinare vart Adana eyalet fråskild frå Aleppo. I 1660 vart Safed eyalet oppretta og etter kort tid omdøypt Sidon eyalet. Eyaleta vart seinare omgjort til Syria vilajet, Aleppo vilajet og Beirut vilajet, etter Tanzimat-reformene i 1864.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra