Bårdfjorden

fjord i Hammerfest i Finnmark

Bårdfjorden (samisk Viektavuotna) er ein fjord på vestsida av øya Seiland i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4,5 km søraustover til Indre Kalvebukt i botn av fjorden.

Bårdfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Hammerfest
Kart
Bårdfjorden
70°24′31″N 22°53′28″E / 70.40849889°N 22.891045°E / 70.40849889; 22.891045

Fjorden har innløp mellom Hompavika i nord og Tåneset eller Skarstolodden i sør. Tåholmeen eller Skarstolholme ligg like aust for Tåneset. Like aust for holmen igjen finn ein det djupaste punktet i fjorden på 141 meter. Lenger inn i fjorden ligg Bårdfjordholmane. Det er ingen busetnader ved fjorden. 70°24′30.596″N 22°53′27.762″E / 70.40849889°N 22.89104500°E / 70.40849889; 22.89104500