Seiland
Seiland (nordsamisk Sievju) er ei øy sørvest for Hammerfest by i Vest-Finnmark i Finnmark fylke. Øya er delt mellom Hammerfest og Alta kommune, og har eit areal på 559 km². Ho er den åttande største i Noreg, når ein ikkje reknar med Svalbard, og den fjortande største om ein reknar med Svalbard. Det høgaste punktet på Seiland er Seilandstuva på 1079 moh. Øya er omgjeven av Sørøya i nord, Kvaløya i nordaust, fastlandet i aust og sør og Stjernøya i sørvest.
Seiland Lokalt namn Sievju | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Vest-Finnmark |
Koordinatar | 70°24′N 23°18′E / 70.400°N 23.300°E
|
Areal | 559 km²
|
Høgaste punkt | Seilandstuva (1079 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke Kommunar |
Finnmark Alta, Hammerfest
|
Demografi | |
Folketal | 190 (2007)
|
Arkeologiske funn har vist at det har vore folk på Seiland i om lag 7000 år. I dag er det berre i Kårhamn, Hønseby, Eidvågeidet, Fiskebukta, Survika, Altneset og Hakkstabben det bur folk, og fleire mindre fiskevær på øya er fråflytte. Seiland har 190 innbyggarar (2007), 150 av dei bur i Hammerfest kommune og 40 i Alta kommune.
Øya er sommarbeite for rein som går på Finnmarksvidda om vinteren. Seiland nasjonalpark vart oppretta i 2006, og femner 316 km² av øya.
Det er to isbrear på Seiland, Seilandsjøkelen og Nordmannsjøkelen.
Historie
endreNoko av øya låg i dåverande Kvalsund kommune fram til kommunen blei del av Hammerfest i 2020.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Seiland» frå Wikipedia på bokmål, den 4. april 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Seiland på nettstaden til Direktoratet for naturforvalting Arkivert 2014-07-19 ved Wayback Machine.Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.