Båtførarprøven
teoretisk prøve i sjømannskap
Båtførarprøven er ein frivillig teoretisk prøve i grunnleggande sjømannskap som viss ein består han gjev Båtførarbeviset. Dette gjev ingen formelle rettar, men enkelte forsikringsselskap gjev lågare premie på båtforsikring viss ein har teke prøven, og det kan tenkast at prøven blir obligatorisk i Noreg i framtida. Prøven kan takast ved skular eller på Internett. Sidan 2007 har det kosta 405 kroner å ta han, mot tidlegare 200.
Krav
endrePensumet til båtførarprøven inneheld mellom anna ei innføring i lanterner, sjømerke, sjøvegsreglane, nødprosedyrar, knopar og stikk, navigasjon og generelt sjømannsskap.
Til prøven skal kandidaten kunna
- sjøkart og kartarbeid
- lovar og reglar
- ha kunnskap om lanterner, lydsignal og reglar om vikeplikt.
- nødsignal
- ha kunnskap om signal og flagg.
- tryggleik
- kjenna til kva utstyr ein skal ha om bord, nødprosedyre og VHF.
- nødsituasjonar
- korleis ein løyser situasjonar med mann over bord, kunnskap om førstehjelp, hjartekompresjon, redningsutstyr, brann og nyttige telefonnummer.