Opna hovudmenyen
Lanterne frå 1500-talsfartøyet «Mary Rose».

Lanterne er markeringslys brukt i sjøfart, både på fartøy og langs kysten for å markera grunner og skjer. Dei kan ha ulik farge, sektor og lyskarakter (blink).

Sektorar på ei fartøylanterne. Den stipla linja markerer tverslinja på fartøyet.
1: Topplanterne
2: Babord sidelanterne
3: Styrbord sidelanterne
4: Akterlanterne
5: Slepelanterne

FartøylanternerEndra

Fartøylanterner gjev melding til andre sjøfarande om kva fartøyet er i gang med (slep, til ankers) eller kva kurs det har. Reglane for lanterneføring gjelder til sjøs, i innsjøar og i elver og kanalar. Fartøylanterner skal nesten utan unntak ha fast lys. Eit unntak er luftputefartøy som skal ha rundtlysande gult blinkande lys når dei er i svevemodus.

Lanterner som sjømerkeEndra

Dei fleste lanternene langs norskekysten er rundtlysande kvite, raude eller grøne. Sidan mange er solcelledrivne, har dei hurtigblink eller (eit eller fleire) blink per tidsintervall. Nokre få har sektorar og Iso lyskarakter for å unngå forveksling med nærliggjande fyrlykter. Kvite lanterner er plasserte midt på ei hindring, medan raude og grøne er plasserte i ytterkant av ei hindring. Lanternene kan ha forskjellig utforming avhengig av plassering og farvatn. Den enkleste forma er ei lanterne på toppen av ei jernstong.

Aukinga i snøggbåttrafikk har gjort ein ny type lanterne nødvendig. Denne er kjend som Lanterne på stang med indirekte belysning på trekant. Dette merket har ei lanterne med anten fast lys eller lyskarakter plassert på toppen av ei stong. I tillegg har det ein lyskaster med fast lys som lyser på ein trekant merka med eit tall og kvit, raud eller grøn refleks.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra