Båtshake
Båtshake (norrønt bátshaki) er ei stong med krok og spiss i eine enden[1] som blir brukt på båtar og skip til å halda fast, hala inn, skyva frå eller henta noko opp frå sjøen.[2]
Båtshaken er laga av ei rund stong som tradisjonelt var av tre med beslag i eine enden. I nyare tid er det blitt vanlegare å laga han av aluminium.[2] Kroken kan vera av metall eller i nyare tid plastikk.[3]
Ein båtshake bør også ein butt ende for å kunne skyva frå når båten forlet brygga. Ein kan også ho ha eit tau festa i han så ein ikkje mistar haken.[3]
Motivet i kommunevåpenet til Jondal kommune var tre båtshakar.
Galleri
endre-
Båtshake
-
Bruk av båtshake til å dra inn ein sjølvstyrande undervassbåt
-
Bruk av båtshake til å borda eit skip under ei øving.
-
Kommunevåpenet til Jondal kommune.
Kjelder
endre- ↑ «båtshake» i Nynorskordboka.
- ↑ 2,0 2,1 Osnes, Andreas (29. desember 2020). «båtshake». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ 3,0 3,1 Edmund W. Jupp (2003). «Boat Watching». Intellect Books. s. 70. Henta 7. august 2021.