Bø i Radøy
Bø er hovudgarden i den gamle Bø-sokna i Radøy. Garden er sterkt oppdelt, i meir enn tjue små bruk. Dessuten er det frådelt mange bustadtomter i eit kommunalt byggjefelt på Bø. Garden var frå gammalt ått av Munkeliv kloster. Namnet Bø tyder 'bustad'.
Bø | |
stad | |
Land | ![]() |
---|---|
Fylke | Hordaland |
Kommune | Radøy |
Postnummer | 5936 MANGER |
Gardnummer | 24 |
Garden vart truleg rydda for rundt 2000 år sidan. Garden vart delt i to bruk alt i mellomalderen, og vidare oppdelt i mange omgangar til det var tjue gardsbruk på slutten av 1800-talet.
Hordabø kyrkje står ovanfor Bøvågen. Den førse kyrkja vart reist her på 1100-talet, og garden kan ha vore prestegard alt frå den gongen, men det er meir truleg at presten budde på Rikstad. I 1784 vart det gjeve kongeleg løyve til å etablere gjestgjeveri i Bøvågen.
KjelderEndra
- Anders Haugland (2006). Radøy gjennom tidene. Radøy kommune ISBN 82-995960-1-7.
- Bø i Oluf Rygh: Norske Gaardnavne