Radøy
Radøy er ei øy i Nordhordland i Alver kommune. Radøy er omgitt av fastlandet og andre øyar på alle kantar. Ho er skilt frå fastlandet på Lindåshalvøya i aust av eit langt og til dels svært smalt sund. I nord skil Hoplandsosen Radøy frå Fosnøy i Austrheim. I vest skil Mangerfjorden og Radfjorden øya frå Holsnøy i Meland. Fylkesveg 565 går over øya frå nord til sør med brusamband til Lindåshalvøya i sør og til Fosnøy i nord. Manger er den største tettstaden på øya. Andre tettstader med over 200 innbyggjarar er Haugland og Austmarka.
Radøy | |
---|---|
Alversund bru, mellom Radøy og Lindåshalvøya | |
Geografi | |
Stad | Nordhordland |
Koordinatar | 60°41′26″N 04°59′50″E / 60.69056°N 4.99722°E
|
Høgaste punkt | Morkefjellet (217 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland |
Største busetnad | Manger (1148 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 6058 (2023)
|
Fram til 1964 var øya delt mellom kommunane Hordabø, Manger og Sæbø, med to mindre delar i Lindås kommune og éin liten del i Austrheim kommune. I 1964 vart det meste av øya samla i Radøy kommune, men sørspissen var framleis del av Lindås. Frå 2020 er heile øya del av Alver kommune.
Folketalsutvikling:
1900[1] | 2000[2] | 2023[2] |
---|---|---|
4802 | 51421 | 60581 |
1Med Fesøyna
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1900, frå Digitalarkivet
- ↑ 2,0 2,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå