Bølgjetal eller repetens er ein bølgjeeigenskap som er omvendt proposjonal med bølgjelengda og har SI-eininga m−1. Bølgjetalet er den romlege analogen til frekvens, altså eit mål på kor mange bølgjelengder ein har over ein viss distanse, eller ofte gonger dette. Det vert òg skrive som radianar til fasen over ein viss distanse. Om ein nyttar fouriertransformasjonar på data som ein funksjon av tid, får ein eit frekvensspekter, og nyttar ein ein slik trasnformasjon på data med omsyn på posisjon vil ein få eit bølgjetalspekter. Den eksakte definisjonen varierer etter kva felt ein studerer.

I bølgjelikningar

endre

Det angulære bølgjetalet eller sirkulære bølgjetalet, k, som regel berre kalla «bølgjetalet» i dei fleste moderne felt, er definert som

 

for ei bølgje med bølgjelengd  .

For spesialtilfellet med ei elektromagnetisk bølgje,

 

der   (den greske bokstaven nu) er bølgjefrekvensen, vp fasefarten til bølgja, ω er vinkelfrekvensen til bølgja, E er energien itl bølgja, ħ er den reduserte planckkonstanten, og c er lysfarten i vakuum. Om dei elektromagnetiske bølgjene flyttar seg i vakuum er fasefarten vp = c. det angulære bølgjetalet er storleiken til bølgjevektoren.

For spesialtilfellet med ei materialbølgje, til dømes ei elektronbølgje, er den ikkje-relativistiske tilnærminga:

 

Her er   rørslemengda til partikkelen,   er massen til partikkelen,   er den kinetiske energien til partikkelen og   er den reduserte planckkonstanten.

I spektroskopi

endre

I spektroskopi er bølgjetalet   til elekromagnetisk stråling definert som

 

der   er bølgjelengda til strålinga i vakuum. Bølgjetalet har eininga m−1, men det vert stundom òg skrive cm−1, ei eining tidlegare kalla kayser, etter Heinrich Kayser. Den historiske årsaka til å nytte denne storleiken er at det viste seg nyttig i analyse av atmospekter. Bølgjetala vart først nytta i utrekninga av Janne Rydberg i 1880-åra. Rydberg-Ritz-prinsippet i 1908 vart òg uttrykt med hjelp av bølgjetal. Eit par år seinare forstod ein spektrallinjer i kvantemekanikk som skilnadar mellom energinivå, og energi er proporsjonal til bølgjetal eller frekvens.

Eit bølgjetal kan omformast til kvantemekanisk energi   i J eller vanleg frekvens   i Hz i forhold til

 ,
 .

Merk at her er bølgjetalet og lysfarten i cgs-einingar, så vere nøye med einingane under slike utrekningar.

Kjelder

endre